|
|
Menota
T V B Tekst- og
verktøybase for Medieval
Nordic Text Archive Utvikling av fontar for
Menota TVB Menota-prosjektet
har behov for særskilde fontar for vising av
tekstene, særleg dei tekstene som inneheld
mange spesialteikn. Dette er eit høgt
spesialisert behov, og det er lite sannsynleg at
dei store aktørane (LinoType, Agfa Monotype
o.l.) vil finne dette kommersielt
interessant. Menota har derfor
gjort avtale med to sjølvstendige
fontutviklarar med tanke på å få
utarbeidd eigna fontar. Dette er eit krevjande
arbeid, og det kan derfor ta noko tid før
fullt brukande fontar er klare. Utgangspunktet for
Menota er at desse fontane skal gjerast
tilgjengelege for fri distribusjon blant brukarane
av arkivet. 1 Leeds Uni
Denne fonten vil
bli utvikla av Alec McAllister,
Universitetet i Leeds, og byggjer på ein
fullstendig eigenutvikla font frå hans side.
Fonten liknar Times, men alle grunnteikna er
individuelt utforma, og skil seg frå Times
m.a. i utforminga av seriffane. Ein mindre versjon
av denne fonten har vore brukt i fleire
bokproduksjonar i England. 2 Bergen Medieval Nordic
Times Dette er ein font
som vil bli utvikla på grunnlag av
ordinær Times New Roman, og dette skjer etter
drøftingar med Agfa Monotype. Ansvarleg for
utviklinga er Bernt Øyvind
Thorvaldsen, Universitetet i Bergen. Mange av
teikna vil vere kjende frå ReykjavikTimes og
AkureyriTimes, men Bernt Øyvind Thorvaldsen
har valt å byggje opp desse teikna på
nytt i fleire tilfelle, m.a. slik at utforminga av
lengdeteiknet (accent aigue) følgjer
Times-standarden.
|