|
|
Menota
T V B Tekst- og
verktøybase for Medieval
Nordic Text Archive Arbeidsmøte i
Oslo, 7. februar 2003 Deltakarar:
Bjørn Eithun (Gammalnorsk ordboksverk,
Oslo), Odd Einar Haugen (Menota-prosjektet,
HIT-senteret i Bergen), Christian-Emil Ore
(Menota-prosjektet, DOK-gruppa i Oslo) og Erik
Simensen (Gammalnorsk ordboksverk,
Oslo). Møtestad:
Institutt for nordistikk og litteraturvitskap,
Blindern, Universitetet i Oslo. Tidspunkt:
kl. 13.00-16.00. Referatet er
skrive av Odd Einar Haugen. Det er ikkje
stenografisk, men tek sikte på å
oppsummere dei viktigaste avgjerdene på
møtet. 1 Gjennomgang av
tilgjengeleg materiale I samarbeid med
Dokumentasjonsprosjektet har Gammalnorsk
ordboksverk digitalisert eit stort gammalnorsk
tekstmateriale. Dette omfattar dels reine
transkripsjonar og dels eit stort setelarkiv med
full lemmatisering og grammatisk koding av
tekstene: Dette materialet
er førebels ikkje allment tilgjengeleg, men
Gammalnorsk ordboksverk er innstilt på at det
skal gjerast tilgjengeleg til
forskingsføremål. Det står
enno tilbake ein del korrektur- og kontrollarbeid
før tekstene kan leggjast ut. Under
drøftingane på møtet var det
semje om at ein måtte nå fram til
realistiske og fornuftig kvalitetsmål, og at
ein ikkje måtte stille kravet så
høgt at materialet vart liggjande
utilgjengeleg i lengre tid. I tillegg til det
nemnde materialet finst det nokre tekster, der
rettane kviler hos Magnus Rindal: - Barlaams ok
Josaphats saga (Holm perg 6 fol.) 2 Klargjering av
forholdet mellom Gammalnorsk ordboksverk og
Menota-prosjektet Gammalnorsk
ordboksverk er i utgangspunktet positivt innstilt
til at det digitaliserte materialet kan gjerast
tilgjengeleg via Menota, Medieval Nordic Text
Archive. Vilkåret for at dette kan skje, er
at det blir utarbeidd ein avtale mellom Gammalnorsk
ordboksverk og Menota-prosjektet som heilt ut tek
vare på dei rettar som Gammalnorsk
ordboksverk har til materialet, og som vidare
inneber at materialet blir distribuert på ein
slik måte at det blir gjeven full kreditt til
det arbeidet som Gammalnorsk ordboksverk har lagt
ned i det. Menota-prosjektet
utarbeider utkast til ein slik avtale innan
utgangen av første kvartal 2003. Deretter
vil avtalen bli drøfta mellom dei relevante
partane. Menota-prosjektet
utarbeider vidare eit framlegg til
brukargrensesnitt for utlegging av tekstmateriale
med spesifikasjon av bruksvilkår og
opphavsrettar. 3 Framdrift og
finansiering av kontroll- og
korrekturarbeidet Gammalnorsk
ordboksverk tek sikte på å utarbeide
ein framdriftsplan for kontroll- og
korrekturarbeidet, og undersøkjer om det
finst kvalifisert personale tilgjengeleg for
timelønt assistanse. Christian-Emil Ore
opplyste at DOK-gruppa kan stille lønsmidlar
til disposisjon for dette arbeidet. 4 Avtale om intern bruk
av materialet i Menota-prosjektet Gammalnorsk
ordboksverk gir Menota-prosjektet løyve til
å studere det digitaliserte tekstmaterialet
og prøve ut teknikkar for formidling og
vising av dette. Denne avtalen gjeld berre intern
bruk i prosjektet, dvs. av dei medarbeidarane som
er oppførte under prosjektet Menota
TVB: http://helmer.hit.uib.no/menota/TVB/ Dette skjer i
praksis ved at Menota-prosjektet får tilgang
til det digitaliserte tekstmaterialet som no ligg i
FileMaker-format.
|