|
Rundskriv
til styret 2/2001
Preliminær
nettside
Fra Odd Einar
Haugen, 27.09.2001:
Etter ei samtale med Claus Huitfeldt i
går (26. sept.) tek eg sjansen på
å setja opp ei preliminær nettside for
Menota. Den er her:
http://www.hit.uib.no/menota
Eg kunne tenkje
meg å få registrert adressa
www.menota.no - sjølv om det kostar lite
grann. Men det bør vel vente til vi har
fått inn respons på det brevet som
Claus og Christian-Emil er i ferd med å
skrive - i fall det er nokon som ikkje likar
Menota-namnet.
Nettsida er litt
vag når det gjeld kva tid mellomalderen
sluttar - eg har skrive "slutten av 1500-talet".
Ofte blir 1550 sett som ei grense, men eg meiner at
vi kan tillate oss å ha litt uskarpe kantar,
så lenge vi har eit klart fokus for
arkivet.
Vi må koma
tilbake til den vidare utforminga og arkitekturen
av nettsidene. Når vi har fått det
heile så nokolunde på plass, undrast eg
på om vi skulle utarbeide parallelle
versjonar av startsida på dansk, svensk,
islandsk og engelsk. Litt ekstra arbeid, men det
vil gjera at institusjonar i kvart av landa kan
lenkje til startsida for Menota og få denne
på sitt eige språk (+ engelsk, for dei
som ikkje er så glade i å lesa
nordisk). Det kan vera med på å
framheve at Menota ønskjer å vera eit
reelt nordisk samarbeidstiltak, og at den fysiske
lokaliseringa av arkivet til Bergen er ei
underordna sak.
|