Rundskriv til styret 4/2001
Domennavn, nettside, valg av styre og råd, tekster til arkivet

Fra Odd Einar Haugen, 07.11.2001:


Domenenamn for Menota

Som tidlegare varsla har eg oppretta eit domene for Menota. Etter ein liten runde blant dykk og folk på HIT-senteret fall valet på org, heller enn net. Det er ikkje så skarpe grenser for kva som høyrer til på dei ulike områda, men org er gjennomgåande brukt for ikkje-kommersielle organisasjonar, og verkar samtidig meir offisielt enn net. Mange takk til HIT-senteret som betalar registreringa (NOK 750, og ei årleg avgift på NOK 250).

Sjølve registreringa gjekk for resten som ein leik; www.increo.no fungerte som såkalla registrar, og heile prosessen vart avvikla over nettet. Eg har fått tildelt brukarnamn og passord, som gjer det mogleg å endre på div. forhold ved administrasjonen av domenet, m.a. kva for server som domenenamnet skal peike til.


Revisjon av nettsida for Menota: http://www.menota.org

Eg har omarbeidd nettsida for Menota lite grann. Som de vil sjå, har eg laga nytt banner med dei fire nordiske namna på arkivet - dvs. det er berre tre, ettersom den norske og danske namneforma er identiske. Eg håpar det ser rett ut. Inntil vidare har eg late den færøyske namneforma vente (men takk til Gudvardur, som har skaffa den fram).

På nettsida har eg lagt til eit lite nyheitsarkiv. Så langt er det to innslag - referatet frå møtet i Oslo og melding om oppretting av domene. Tanken er at viktige (og ikkje fullt så viktige) saker blir bokførte her, ettersom både styret og rådet er spreidd over heile Norden.


Val av styre og råd til Menota

På nettsida har eg ført opp ein tidsplan som vi ikkje har avtalt i alle detaljar, og som eg derfor gjerne vil ha tilbakemelding på. Referatet som Claus førte i pennen har no vore sendt ut til alle deltakarane på møtet i Oslo, og etter det eg forstår, har det ikkje kome inn protestar. Eg har drøfta den vidare saksgangen med Claus, og vi har kome fram til at eg (i eigenskap av leiar av interrimsstyret) kan sende ut eit brev til dei deltakande institusjonane der dei blir bedne om å oppnemne ein representant til rådet. Eg meiner også at det bør oppnemnast ein vararepresentant.

Ettersom rådet skal peike ut styret, er det ein fordel at rådet blir oppnemnt for ein lengre periode enn berre fram til neste møte, hausten 2001. Eg kan faktisk tenkje meg å be om oppnemnig for snautt fem år, dvs. til utløpet av prøveperioden, 10. sept. 2006. Rett nok står det ikkje noko i referatet om ein prøveperiode, men det vart nemnt fleire gonger i diskusjonen, og eg trur det kan vera klokt å gje eit slikt signal - like eins også at institusjonane må stå fritt til å trekkje seg frå arkivet.

Fem år er kan hende ein lang periode, men institusjonane må kunne supplere i fall ein representant fell frå, sluttar i stillinga eller av andre grunnar ikkje ønskjer å stille.

Styret bør derimot veljast for ein kortare periode, f.eks. to år av gangen. Akkurat dette treng vi ikkje ta stilling til no, men det må fastsetjast i dei vedtektene som skal behandlast på det formelle stiftingsmøtet neste haust.


Tekster til arkivet

Så langt har vi berre eit tomt skal - ein server, ei nettside og eit interrimsstyre. Det trengst tekster! På bakgrunn av synspunkta på møtet i Oslo trur eg at vi i første omgang skal leggje inn tekster i ulike format, og heller satse på at format og standard for kvar tekst er forklart. Så får vi heller ta oppbygginga av ein felles kodingsstandard over langs. Dersom vi lagar dørstokken for høg i starten, er det fare for at det beste blir det godes fiende. Vi treng å få inn eit visst volum frå starten av, trur eg.

Eg sender hermed utfordringa vidare til kvar av dykk. Eg trur det er mogleg å få inn ein del tekster allereie no, der det ikkje blir stilt strengare krav til distribusjonen enn det som ligg i den nordiske åndsverklovgjevinga. Den er som kjent svært lik i dei nordiske landa (jf. Nordens upphovsrättslagar, Helsingfors 1996, der åndsverkslovene i dei nordiske landa er oppstilte synoptisk).

Vi bør kunngjera klare retningslinjer på nettsidene, der vi presiserer korleis tekstene kan brukast, korleis dei skal siterast og kven som skal krediterast når dei blir brukte.


Tilbake til internsiden
Tilbake til hovedsiden


Opprettet 09.12.2001 av OEH.