|
Rundskriv
til styret 5/2001
Arbeidsoppgaver for
Menota 2001-2002
Fra Odd Einar
Haugen, 20.11.2001:
Medieval
Nordic Text Archive (Menota) vart oppretta i Oslo
10.09.2001 på eit møte arrangert av
Claus Huitfeldt (HIT, Bergen) og Christian-Emil Ore
(DokPro, Oslo). På møtet vart det
oppnemnt eit interimsstyre med ein representant
frå kvart av dei nordiske landa.
Interimsstyret valde Odd Einar Haugen til leiar.
Styret er valt fram til den formelle stiftinga av
arkivet, som skal skje seinast innan utgangen av
2002.
Det faglege
ansvaret ligg til rådet og styret for
arkivet. Til det tekniske og administrative
arbeidet må arkivet søkje
støtte frå HIT og DokPro. Dette
notatet er ei førebels skisse av aktuelle
arbeidsoppgåver fram til den formelle
stiftinga av arkivet (dvs. når rådet
kan vedta stattutane for arkivet).
1. Teknisk
drift av arkivet
Det er
nødvendig med ein server der ein kan leggje
ut tekster og anna materiale, og personale som kan
vedlikehalde og rette opp feil på denne
serveren.
2.
Administrasjon av arkivet
Arkivet
bør ha tilgang på
sekretariatsfunksjonar, dvs. ei konkret adresse
(post, telefon, faks) og personale som kan svare
på spørsmål om arkivet, ev.
ekspedere dei vidare til fagpersonalet.
Sekretariatsfunksjonane bør også
omfatte arkivering (gjerne i elektronisk form
på nettsida) og hjelp til bokføring og
økonomistyring. Dette kan skje ved at Menota
blir oppretta som eit eige prosjekt.
3. Oppretting
av nettside med
database-funksjonalitet
Det er oppretta
ei nettside for Menota på domenet
www.menota.org. Denne sida bør utbyggjast og
utstyrast med ein databasefunksjon, slik at
brukarane kan søkje på dei innlagde
tekstene etter ulike trekk - f.eks. (a) verktittel,
(b) katalogsignatur, (c) proveniens, (d) datering,
(e) genre.
4. Utvikling
av stilark
Som vist på
handbokssidene (sjå http://www.hit.uib.no/menota/handbok/innhold.html)
står det enno att ein del arbeid med å
utvikle stilark slik at tekster kan visast på
ulike nivå (<orig>, <expform>,
<reg>) og med riktige fontar. Jf.
oppsummeringa på http://www.hit.uib.no/menota/handbok/verktoy/stilark/stilark.html.
Dette arbeidet heng nøye saman med utvikling
av font-løysingane, jf. pkt. 5
nedanfor.
5. Utvikling
av fontløysingar
For vising av
tekst (på nett, PDF) er det nødvendig
at entitetskodinga blir knytt saman med tenlege
fontar. Her bør det truleg arbeidast i to
retningar, ei Unicode-løysing og ei
løysing som baserer seg på web-fontar.
Unicode-løysinga bør ha prioritet.
Sjå http://www.arts.usyd.edu.au/~tarwills/thesis/
for døme på ei side med norrøn
web-font.
6.
Overføring og tilpassing av
tekster
Det er viktig at
Menota får inn ei tilstrekkeleg mengd tekster
tidleg i oppstarten. På bakgrunn av
diskusjonen under møtet 10. sept. 2001
bør vi truleg starte med å ta inn
tekster i ulike lokale format, og heller konvertere
desse til eit felles format etter kvart. Eit heilt
avgjerande tekstkorpus er det som DokPro i dag
forvaltar.
7.
Perl-programmering
Det er bruk for
programmeringshjelp til å vidareutvikle og
dokumentere dei Perl-programma som Espen S. Ore
laga for tekstkonvertering, jf. http://www.hit.uib.no/menota/handbok/verktoy/skript/skript.html
8.
Validering
Etter kvart vil
det koma inn tekster som er koda etter den
standarden som er utvikla og dokumentert i
handboka. Sjølv om innsendarane blir
oppfordra til å følgje dei
retningslinjene som er lagt i handboka, vil det
truleg vera behov for valideringshjelp. I nokre
tilfelle kan det bli tale om fleire rundar med
validering.
9.
Spørsmål-og-svar-teneste
Det vil koma inn
spørsmål om alle slags praktikalitetar
når det gjeld tekstkoding. Det er bruk for
nokon som kan svara på dei tekniske
spørsmåla, og kan hende leggje dei inn
i eit arkiv for Ofte Stilte
Spørsmål.
10. Utgreiing
av copyright-forhold
Spørsmålet
om copyright o.l. vart ikkje drøfta på
møtet i Oslo, men vil vera sentralt for
mange av bidragsytarane til Menota. Her er det
viktig med erfaring frå andre
prosjekt.
Referat
fra arbeidsmøte
05.12.2001
(vedr. fordeling av de arbeidsoppgavene som er
nevnt ovenfor)
|