|
Rundskriv
til styret 7/2001
Sak: oppretting av
interne nettsider
Fra Odd Einar
Haugen, 10.12.2001:
Når vi får eit fullt råd i
tillegg til interimsstyret, meiner eg det er viktig
med enkle og oversiktleg rutinar for
saksbehandling. Eg har derfor oppretta ei intern
side for Menota på denne adressa (lag
bokmerke!):
http://www.hit.uib.no/menota/internindex.html
Den interne sida
inneheld no (a) ei redigert liste over rundskriv
til styret, (b) oversyn over søknader som
vedkjem Menota og (c) referat frå møte
på ulike nivå.
Det er ikkje
lenka til den interne sida frå hovudsida
(http://www.menota.org).
Informasjon som blir utlagd på den interne
sida rettar seg berre mot styret, rådet og
redaksjonen for Menota.
Det er også
eit nyheitsarkiv på hovudsida for Menota, der
ein kan leggje ut dei viktigaste sakene frå
den interne sida, om nødvendig i redigert
form - dvs. i stil med pressemeldingar.
Eg tek gjerne mot
synspunkt på innhald og utforming av den
interne sida. Inntil vidare er sida berre kunngjord
for adressatane til dette brevet.
Fra Odd Einar
Haugen, 17.12.2001:
Det har ikkje kome merknader til utlegginga av
den interne sida for styret og rådet for
Menota (jf. rundskriv 7/2001 utsend 10.12.2001). Eg
reknar derfor med at denne forma for intern
kommunikasjon er godkjend av
interimsstyret.
|