|
Rundskriv
til styret 1/2002
Sak: oppnemning til
rådet for Menota
Fra Odd Einar
Haugen, 17.01.2002:
Vi har no fått positivt svar om
oppnemning til Menota-rådet frå alle
dei ínstitusjonane som deltok på
møtet i Oslo 12. september, og i tillegg
frå Det Kongelige Bibliotek i
København v/Ivan Boserup. Dermed blir det
tolv utgjevingsinstitusjonar som er representerte i
rådet.
I tillegg kjem
HIT-senteret i Bergen og DokPro/MusPro i Oslo. Vi
har ikkje klargjort kva for type av representasjon
dei skal ha i rådet, men eg ser det (inntil
vidare) som naturleg at ein representant frå
kvart av desse miljøa kan møte ex
officio både i styret og i rådet.
Detaljane må vi koma tilbake til under
utarbeiding av vedtektene for arkivet, som etter
planen skal leggjast fram på
rådsmøtet til hausten.
|